Institusjonen Fritt Ord | |||
| |||
Type | stiftelse | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 840667022 | ||
Skipa | 7. juni 1974 | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Leiar | Grete Brochmann | ||
Tenester | Fritt Ords Pris, Free Media Awards, Fritt Ords honnør | ||
Tilsette | 11 (2024) | ||
Nettstad | https://frittord.no/ |
Institusjonen Fritt Ord er ei norsk privat stifting som vart skipa 7. juni 1974 av dei to direktørane Jens Henrik Nordlie og Finn Skedsmo i Narvesen Kioskkompani saman med høgsterettsadvokat Jens Christian Hauge. Stiftinga skulle tryggje ytringsfridomen og syte for ein open distribusjon av publikasjonar. Aksjar i Narvesen vart overdregne til stiftinga 1. januar 1975 som grunnkapital.
Alle aksjane institusjonen hadde i Narvesen vart selde i november 2001. Institusjonen Fritt Ord vart dermed gjort ubunden av kommersielle interesser for å fungere som ei ideell stifting for til fremje av fri meinings- og kunnskapsutveksling. Føremålet er å stille midlar til disposisjon for å verne om og styrke ytringsfridomen i Noreg, særleg ved å stimulere den levande debatten og den uredde bruken av det frie ordet. Institusjonen kan òg løyve midlar til andre sider ved norsk kultur, fyrst og fremst til det som har med bruken av det frie ordet å gjere. I særlege høve kan institusjonen dessutan bidra til å fremje ytringsfridom i andre land.
Ein rad små og store bokprosjekt har vorte realiserte med stipend eller stønad frå stiftinga. Kunnskapsforlaget fekk til dømes 10 millionar i stønad for å gje ut fjerde utgåve av Store norske leksikon og 29 millionar for å gje ut Norsk biografisk leksikon, og investeringar er gjorde i vekeavisen Morgenbladet og i A-pressen for å tryggje drifta. Det vert òg gjeve stønad til internasjonale aktivitetar, som til dømes Index of Censorship og Junge Presse Osteuropas.
Sidan 1976 har institusjonen kvart år delt ut Fritt Ord-prisen som si høgste utmerking, og sidan 1979 prisen Fritt Ords honnør «...når noen fortjener den, uten begrensninger i antall».[1]